Print Friendly, PDF & Email

Hjalmar Dale har fått namnet sitt knytt til ein fjelltopp i Canada

av Jo Leiro

Bruvikposten 29/1 1971

På omlag 66 grader nordleg breidd og 127 grader vestleg lengd låg inntil 21. juni 1970 ein 2000 fot høg fjelltopp utan namn. Men fra den dagen kallast toppen Mount Hamar. Fjellet ligg i Mackenziedistriktet i Nordvest-territoriet i Canada – i Franklin Mountains, og bakgrunnen for nemninga er fylgjande.

I 1914 drog ein 20 år gamal Dale-gut til Canada. Han hadde ikkje før vel gått i land før ferda gjekk attende til Europa. Då i canadisk uniform for å gjera teneste i første verdskrigen. Men da den var over, sette den unge mannen på nytt kurs for Canada. Mannen heitte Hjalmar Nilson Hundhammer, for mange kanskje best kjend som Hjalmar Dale, men han har der borte nytta namnet Hamar.

Fri og frank som han var, drog Hjalmar Hamar kringom i British Columbia og lenger nord i Yellowknife distriktet og leita etter gull. Det vart så som så med gullfunna, og derfor slo han meir og meir over på jakt og fiske og levde som pelsjeger i dei store skogane. Serleg dreiv han denne fangsten på vestsida av Hudson Bay, men laga seg så ei rute tvers over den aude tundraen heilt fram til Fort Norman i Mackenziedalen. Han var den første kvite mannen på denne ruta som i luftline er gode 2000 kilometer.

Alt han hadde med seg på desse lange ferdene var to pakkhundar, salt, te og noko kokeutstyr – og rifle med ammunisjon. Kanskje vona om å finna gull eller andre verdfulle mineralar leika i hugen hans. I 30-åra konsentrerte interessa seg om eit strøk 80 km sør for Fort Norman der det var gjort oljefunn ved Mackenzie-elva. Han staka ut retten til på sørsida av elva, men atter svikta lukka han. På nordsida av elva gjorde Imperial Oil drivverdige funn som sidan har gjeve olje.

 Fangstmannen tok seg arbeid hjå dette oljeselskapet, først på den lange oljeleidningen som skulle føra olje frå Norman Wells til Stillehavet, sidan ved anlegga i Norman Wells.

Dette gav han høve både til å driva fangst og leita etter mineralar, noko han for alvor tok opp att etter å ha nådd pensjonsalderen. Vinterstid dreiv han jakt og fiske ein stad, om sommaren var han kanskje heilt andre stader på leiting etter verdfulle ting som fjell og jordbotn måtte løyna. Alltid på farten.

Den siste store ferda gjorde Hjalmar Hamar vinteren 1966. Han gjekk da frå leiren sin ved Florence Lake til Norman Wells, ein strekning på fleire hundre kilometer i bitande vind og temperaturar kring -40 grader C.

I november 1967 døydde han i ei hytte ved eit vatn vest for Norman Wells.

Av folk som kjende han rundt om i hans store villmarksrike, var han kjend som the grizzled little Norwegian, den vesle gråhåra nordmannen. Kanskje tenkte dei og på grizzlybjørnen som var god nok samanlikning med den sterke og uthaldande jegeren.

Sjølv kom eg i Yellowknife i  kontakt med folk som kjende Hjalmar Hundhammer. «Jau, det var den mannen som vinterstid og i -50 grader C kunne dra ut på tundraen berre utstyrt med rifle, ammunisjon, fyrstikker og litt te i ein pose», sa Ted Cinnamon, Imperial Oil sin representant i Yellowknife. Dei visste berre om eit menneske som greidde det – kvit eller indianar – og som etter veke – eller månadslange ferder kom attende like frisk og sprek.

Norman Wells sett fra vestsiden av Mckenzie-river. Mount Hamar er den høyeste toppen i bakgrunnen.

La meg slutta med å referera fra septembernummeret 1970 av Esso Reporter som kjem ut i Toronto:  ”Mellom menn er det ei spesiell beundring for slike som vågar livet åleine ute på dei barske og skræmande viddene i nord. Ein slik ein var Nelson Hamar, og venene hans i Norman Wells kunne ikkje la soga hans gløymast i einsemda i ei tømmerhytte ein eller annan staden der ute.” Ein av dei, Klaus Schleindl ved Imperial Oil, tok kontakt med styresmaktene i Canada for å få knytt Hjalmar Hamar sitt namn til noko av dette veldige landet som på ein måte var vorte hans eige. Og 21. juni på ”Day of the Midnight Sun” kunne ein liten flokk dra opp til den 2000 fot høge, namnlause toppen i Franklin Range og gje han namnet Mount Hamar. Ei bronseplate vart murt fast til ein varde på toppen, eit minnesmerke om ein villmarksson frå eit fjernt land.

Fra toppen av Mount Hamar er det praktfullt utsyn over den vide dalen rundt Mackenzie River, noko av det Canada som hadde vore Hjalmar Nelson Hamar sitt eldorado.

Minneplata på toppen av det fjellet som fekk Hjalmar Hundhammer sitt namn. Der står: Mount Hamar, døypt til minne om Hjalmar Nelson Hamar, født i Norge 1896 og døydde i Florence Lake i 1967. Han var glad i dette landet i nord.