Print Friendly, PDF & Email

Når bjørnen er skoten

Isbjørnskinn i store haugar ligg meir eller mindre ferdig-garva i Næsvolds Garveri i Tromsø

Når bjørnen er skoten

av

Eilert Kvernes 1970

Isbjørnskinn i store haugar ligg meir eller mindre ferdiggarva i Næsvolds Garveri i Tromsø. Det er her dei får inn dei fleste skinn av isbjørn som blir felt på Svalbard. – Sjølv om ein frå 1. septem­ber har fått kvoteregulering for isbjørn, er det langtfra det same som at det ruslar mot slutten for isbjørnens århundregamle saga. – Men ein må tru at det ligg ei godt sakleg vurdering bak vedta­ket.

Bjørnskinna tar ein stort sett imot av den einskilde jeger og fangstmann, eller det er firma som kjøper råskinna og sjølv leverar dei til bereiing for sal i forretning.

Dette er etterspurt vare på grunn av sjeldenheten og arbei­det med fangst, flåing, frakting og preparering gjer at skinna held seg godt oppe i pris. Ein godt vaksen bjørn med utstoppa skalle og glisande tanngard, får ein van­skeleg under 4–5000 kroner idag når dei blir kjøpt gjennom for­retning. Ein reknar med at kvotereguleringa vil dra prisen opp  over frå neste sesong. Med same kan nemnast at ein for ca. 150 år sidan fekk 40 kr. for eit skinn.

Eindel dyr er merkt for at ein skal m.a. kunne få meir greie på slikt som vandringa. – Dette blir gjort ved at ein skyt på dyra med bedøvelsesampuller slik at dei sovnar av til dei er merkte. Slik blir det gjort også med m.a. moskusdyra.

             

Slik tar skinnet av ein vaksen ut når det er bereidd og skallen stoppa ut.

– Denne merkinga øydelegg skinna mykje, sier Oddmund Birkelund. – Merka som dei får i øyro, kleiar og kjennest ubehagelege og kal­de. I alle fall har ein fått inn skinn av fleire merkte dyr som er nærpå øydelagde. Øyro kan vere skamrivne etter at dyra har vore borti med kloa for å bli fri mer­ket. Det verste er målinga i pel­sen. Ei måling dei gjerne blir merkt med et seg ned i pelsen slik at denne løsnar mot skinnet og dei stygge merka gaper altfor tydeleg fram. Når det gjeld øyre­merka, skal det vonaleg bli betre nå etter at dei meir har gått over frå aluminium til plastmerke.

Fangstfolket er stort sett flinke til å flå slik at dei får heile skinn der slikt som snute og klør blir godt med. Det fins dei som leverar skinn til heilutstopping av dyret, men det krev stor plass for eit vakse dyr – ja, for ein unge også for den del. Skallane fylgjer alltid med skinnet som ein mal, og kunstig innlegg i det utstoppa hovudet blir gjerne laga av skumplast som limast saman og er lett og fast. Tanngarden blir brukt – men det hender at ein må skif­te ut dei største tennene med kunstige dersom dei er øydelagde. Rektig gamle bjørnar merker seg ut ved å ha dårlege tenner, del­vis råtne og fleire kan ha losna og falle ut. Sikkert kan eindel slike hatt ein veldig plage med tannverk, meiner driftsleiar Birkelund.

Nøyaktige tal for kor mange isbjørn som blir felt gjennom ein sesong har ein ikkje, men denne siste vinteren har vore ein av dei beste på mange år. På sjølve Spitsbergen skal det det vere tatt mellom 3 – 400, på Hopen kring hundre og på Bjørnøya 12. På dei to siste stadene er  det vervarslingsfolka som jaktar. Bjørnøya har elles fått eit noko feilaktig nanm. Den  første som, oppdaga, øya kom alt  i 1194, og øya vart  så oppdaga på nytt at i 1596 av ein hollandsk ekspedisjon der m. a. hollendaren Willem Barents var med. Tilfeldig kom dei på ein bjørn med same dei gjekk iland, dei kom tilmed i nærkamp med han og av denne grunn fekk så øya namnet sitt. 

Men Bjørnøya ligg såpass langt frå Spitsbergen og drivisen at berre nokre få dyr kjem så langt i  retning mot Norge. Ikkje for det, det er felt dyr som har drive i land like til norskekysten! Dei 12  dyra som vart felt på Bjørnøya vart tatt av folka ved vervarslingsstasjonen. Det eine var uvan­leg stort, kring 900 kilo, sa ka­rane, og dette må då vere ein av dei aller største som er tatt der borte. Dei fekk også ein strak kontrast, ein unge som dei måtte ta, då mora vart skoten utan at dei då med same var klar over at ho hadde unge med seg.

4–500 kilo reknast for å vere ei nokså vanleg vekt for ein hannbjørn, men det er heller ikkje heilt uvanleg at dei kan kome opp i over tusen kilo. Ein hann blir  gjerne 2.20 meter lang, men på Grønland er det skote ein som målte heile 3.40. Sel, kobbe og klappmyser er dei viktigaste matrettane for ishavsbamsen, men han kan også gå i land og seier då ikkje nei takk til ei reinsyrsteik eller grøne grasgangar der det måtte vere litt groe mellom is og snø.

Det er fortald at det er drept 100 bjørn samstundes same staden av fangstfolk der dei har komme over ein slik stor samling på isen. Ein gong hadde seks mann tatt livet av 90 dyr på yngleplassen Kong Karls Land, samt 32 ungar som dei hadde fanga levande. Bjørnen vart totaltfreda på yngleplassen for ein god del år sidan, men det hender at han før ungane sine andre stader enn her.

Binna går i hi i oktober/november når det tar til å bli nokså mørkt om dagen. I januar blir ungane fødde, gjerne to, men det kan også vere tre – og ut i mars har dei patta til seg så dei har vakse seg store som katter.

Det sjeldan at bjørnen går til åtak på folk, men han er ikkje til å spøke med når han går med ungane og når ein kjem ufor­varande rett på han. Fangstfolka kan fortelje om fleire episodar då dei har vore i nærkamp. Polfararen Hjalmar Johansen vart ein­gong slengd i bakken under ein ekspedisjon med «Fram». Men bjørnen er også svært nyfiken og ikkje så redd av seg, fangstmannshyttene har mange gonger og mange stader fått bjørn på vitjing, og  han mislikar gjerne ikkje å ta seg rumsteringstur inne på eigenfot – eller han går rundt hyttene og snuskar.

Isbjørnkjøt er rekna for å vere ein delikatesse, det er berre det at kjøtet kan vere livsfarleg å ete då det i dei fleste høve er besett med trikiner. Mengdevis av men­neske i polarstrøk har ete trikinifisert mat, enten det nå gjeld bjørn, kvalross eller andre dyr. I dag må fangstfolk og andre nærmast svelte ihel før dei tar sjansen på å ete isbjørnkjøt som ikkje har vore om kjøtkontrollen. Det er trikiner i meir enn to av tre dyr. I eit parti på 36 var det til dømes 34 som hadde trikiner i seg.

Den som har skote flest bjørn i si tid er Tromsømannen Henry Rudi, som døydde for nokre få veker sidan vel 80 år gamal. Han hadde overvintra 27 gonger som fangstmann, åleine eller saman med andre og hatt med seg 713 isbjørnskinn heim til Norge i til­legg til ein del bjørneungar som han selde.

Men slike glansdagar er nok forbi – førebels i alle fall – og det er vel tvilsamt om kvoteregu­leringa vil føre attende til dei store tala att.

Fangstfolk og dei som bur på Svalbards ymse stader, har tatt imot reguleringsvedtaket med no­ko blanda kjensler. Eindel mei­ner at det kunne vere på sin plass så hardt som det har gått ut over bestanden serleg i dei seinare åra. Men dei fleste tyk­kjest å meine at det trass i ei nokså sterk avskyting, ikkje er no­kon fare på ferde.

Men all jakt er ikkje like real og fin. Det fins enno dei som løyser skot frå snøscooter, noko som er forbode, og serleg stor sport er det vel heller ikkje å stå tørt og godt og trygt på eit panelt båtdekk og plaffe ned dyret inne på iskanten. Dette er ikkje uvan­leg form for jakt for safariturane sommarstid. Noko anna kan ein seie det er for dei som har fangst som leveveg. Elles tykkjest dei fleste dyra å bli tatt med sjølvskot.   

Det verste er at det fins del som skyt isbjørn berre for å ha  opplevd det å få ta livet av eit slikt stort dyr – og så lar dei skrottane berre ligge der. Slikt er vetlaust og har sjølvsagt ikkje noko med slikt som karsleghet eller mannfolkbragd å gjere.

Eit skinn av ein velvaksen is­bjørn får fangstmannen eitpar tu­sen kroner for, eller også noko meir dersom skinnet er ekstra stort og fint. Det er dei som i det seinare har gjort godt halvt hun­dre tusen kroner på sesongen og hatt ein god del anna på si. – Men godt skal det heile  leggast an, og hardbalen og dreven villmarksmann og skyttar skal den vere som vil rekne med å gjere det store varpet oppe i is, kulde, snø, stormar og einsemd og kan­skje dårleg husvere gjennom ein hard vinter der det ofte går på livet laust og sjansene for å kome heim att til fastlandet til sine tider kan synest å vere heilt von­lause.–