Print Friendly, PDF & Email

Jacob Walsøe som fann opp granatharpunen

~ bjønn

(Nordlys 30/5-1953)

                                         

                                             Jacob Walsøe

Nord-Noreg har hatt og har mange framståande menn. Vi har lese om dei i historie og presse. Det er menn som har i stridd og fått motbør, men like i vel ikkje gitt opp. Det er menn i som er verd den omtala de får.

Likevel har det levd og lever det geni som må gi opp p. g. a. trongsynte og egoistiske menneske. Eller de kjem ut av bil­lete på ein eller annan måte.

I Riksarkivet er det m.a. funne noen dokument frå 1850 som omtalar eit slikt geni. Do­kumenta galdt ei oppfinning som gikk ut på å drepe kval og andre større sjødyr med ei eksploderande pil. Utgreiinga var på langt nær utførleg. Det vanta teikningar og det heile gav inntrykk å vere eit nokså uferdig prosjekt. Men der var likevel noen papir med som festa ein nærare ved oppfin­ninga. Der var uttaling frå landskjente menn, tilrådingar som viste at oppfinninga den gongen var vist meir enn vanleg interesse. Der var og eit brev frå Svend Foyn. Han for­tel først om ei prøveskyting med apparatet han hadde vore med på, det resultat prøven hadde gitt, og skriv så: ”Heraf tror jeg ovennævnte Piil er me­get hensigtmæssig til Hval­fangst, dog bør vel Begyndelsen gjøres af Inventøren for at rette de Mangler som muligens vil vise sig ved praktisk Brug, og skulde denne blive udført af ham, deltager jeg deri, om han så ønsker det, med 100-150 Spd., da jeg tror et fordelaktigt Resultat er antagelig.

Således kunde dette Prosjektil fremmes til praktisk Anvendelse, maatte det være meget gavnligt for vort Land, selv om der ei var tilstrekkelig Hval ved Norges Kyst. Denne utbetaling er datert 24. august 1850, – fjorten år for Svend Foyn begynte kvalfangst.

Ved forespørsel hos kjent­menn på området viste det seg, at oppfinninga det her gjeld, no er heilt gløymt og ukjent av kvalfangstens kronikørar.

I førstninga var det berre eit kjent namn å bygge etterrøykinga på, mekanikar Jakob Walsøe var oppfinnaren kalla. Men etter kvart er det skaffa eit nokså fyldig materiale om denne mannen som i mykje var langt framfor si tid. Eit ge­ni som diverre kom bort på ein tragisk måte i Akerselva.

Jacob Nicolai Walsøe blei fødd i Borkenes ved Harstad, truleg i 1820. Far hans var gardbrukar og handelsmann, mora var av holstensk ætt. Guten kom i tidleg alder til Bodø hos framande folk. Berre elleve år gammal begynte han på kontor. Først hos skrivaren i Salten, seinare hos skrivaren i Tana. Men han lika ikkje kontorarbeidet i lengda, og omkring 1840 fór han til i Oslo for å utdanne seg til kunstmålar. Nokre av bileda hans skal ha vore utstilla i Tromsø og Kjøbenhavn. Motiva for des­se bileda var gjerna henta frå livet åt lappane og kvenane.

Men det var smått med pen­gar og om kort tid måtte han ta til med kontorarbeidet igjen. Denne gongen hos ein embets­mann på Helgeland. Her skal det ha vore han for alvor be­gynte å sysle med oppfinnin­gar, det som for resten av livet skulle oppta all interessa og fantasien hans. Impulsen til de første oppfinningane sine hadde han frå borne- og ung­domslivet mellom fiskarane i Vesterålen. Salten og Aust-Finnmark. Og serleg var det kvalfangsten og de framslag som kunne gjøres ved den som opptok han.

I eit av breva sine til depar­tementet skriv han m.a.: ”Det er almindelig erkjent at der ved Norges Kyst og under Spitzbergen gives en Mængde Hval hvis fangst kunde yde en betydelig Ærhvervskilde, dersom man havde et sikrere og mere dræpende Vaapon end de hidtil brugelige.” Eit slikt våpen, el­ler ideen til det meinte han å kunne stille fram med den eksploderande pila han hadde fun­ne opp. Men han vanta kapi­tal til å eksperimentere vidare med oppfinninga og med prøve på å få nødvendig hjelp finn vi han snart tilbake i Oslo.

Her blei han kjent med den fiskeriinteresserte lektor, seinare professor Rasch. Det vis­te seg seinare at han var Walsøe ei verdfull støtte når det gjaldt å tale saka hans for trege departementsfolk.

Truleg, ved Raschs hjelp, fekk Walsøe 50 Spd. i 1849, av Selskapet for Norges Vel, til å arbeide vidare med oppfin­ninga. Og så gjekk det slag i slag frametter. Våpnet blei de­monstrert under kontroll av artillerikaptein H. N. S. Wergeland som var ekspert i dette den gongen. Prøveskytinga vek­te interessa og var elles så god at Walsøe i oktober 1850 fekk 300 Spd., av statskassa for å fare nordover og prøve appara­tet på kvalen der.

Oppfinninga, var eit prosjek­til som var konstruert som ei i pil og med ei sprengladning av fint sterkt krutt. Om sprengkrafta sei Wergeland m. a. at den ”må kunde gjøres meget i betydelig, da Intet skjønnes at være til Hinder for at anbringe en endog meget stor Krudtmasse i Pilehovedet.” Ved hjelp av eit brannrør kunne prosjektilet eksplodere anten når det støytte mot målet eller noen sekunder etter. Likeså kunne det sikres mot ein kvar eksplo­sjon. Prosjektilet blei skoten ut av eit serkonstruert, svert i tjukt, slettløpa gevær. Det var og innretta så det kunne holdes på fri hand i lengere tid. Ved prøveskytinga blei det van­leg skoten mot ein leirbakke i ei frastand av 30–70 alen. Det viste seg at prosjektilet på ein fråstand av inn til 60 alen råka eit hard breitt mål og fór inn i bakken ca. 2½ alen koretter det eksploderte. Wergeland sei i erklæringa si at om det på grunnlag av de få prøvane han hadde sett, ikkje kunne bygges noen fast konklusjon, så trudde han likevel det ville lykkes Walsøe å realisere ideen sin. Og Rasch framhold som si meining, ”at Walsøes Opfindelse vil blive av stor Betydning for Hvalfangsten.”

Så fór Walsøe til Nord-Noreg for å prøve felta der. Men det gjekk skralt på denne turen. I eit brev han sendte lektor Rasch i april 1851, fortel han at han har hatt de største vanskar med å få båt og mannskap. Karfolka var på Lofotfiske, og de som var igjen, såg på han som ein raring eller var uvil­lige. Så vidt ein veit er der berre melding om ein kval som Walsøe skaut. Lensmann, stor­tingsmann Kjeldsberg som såg denne kvalen sei i erklæringa si m.a. at ”Længden af det omhandlede Hval bibragte Saar var 12–14 Alen indvendig langs Rygraden” og at ”i saaret fandtes et Stykke af den exploderte Piil,” som kvalen var drepen med.

Men var lykka mindre god og vanskane mange, så hausta han likevel verdfull nytte. Pro­sjektilet blei etter kvart betre, snarast eit nytt, nærast som ein harpun, fortel han i eit skriv til departementet. Og i juni 1851 sendte han inn søknad om patent. I skrivet framholdt han m.a. at de ”vundne Erfaringer har sat mig istand til at for bedre Vaabenet i den grad at jeg nu mer end for gjør mig Haap om et heldig Resultat.” Søknaden blei lagt føre ”Sel­skapet for Norges Vels industriklasse,” som då var det in­dustrielle rettsvern. Klassa fann at oppfinninga var ny og til­rådde utan noe førehald å verne ved patent.

Dermed skulle saka etter gammel rekning vere klår. Men no gjorde Indredepartementet, som hadde den formelle avgjerdsle i slikt, ei oppfinning for eiga rekning. Mannen hadde jo fått offentleg støtte til å eksperimentere med oppfinninga sjølvsagt kunne han ikkje få patent.

På reisene sine blei Walsøe klår over at skulle det bli til noe måtte det andre greier til i enn robåt og eit tilfeldig leigd mannskap. Men det trengtes kapital til dette. Det ligg nær å tru at det har vore den sekre tanken og vona hans at når han bare fekk patent skulle det gå lettare å få reist de nødvendige medlane. Det måtte såleis ha vore tungt for han når søknaden hans blei vraka. Men han miste ikkje motet og reiste rundt for å få pengefolk med seg. Han var og i Oslo. Men det gikk i mellomtida ikkje. I ein artikkel i Morgenbladets attan år seinare er der noen linjer som fortel litt om det. Det hetter der: ”I Hval­fangst med Dampskib ser vi nu alle en betydelig Erhvervskilde for Landet.” Dette prosjekt gikk Walsøe med fra dør til dør i fleire år. Trondheim og byane i Finnmark teikna i mel­lomtida ca. 4000 Spd., men det var likevel ikkje nok.

Reisene hans førte med seg at han i 1853 blei lensmann i Karlsøy tinglag. Samme år blei han gift. Kona delte ikkje in­teressa for oppfinningane hans og såg visst nærast med uvilje på det heile.

Så arbeidde han med betrin­gar og oppfinningar på andre måtar. Sekert med bitanke om muleg å skaffe pengar til det som framfor alt låg han føre, kvalfangsten. Og så ser vi at han i mai 1856 – som 36 år gammel lensmann og familie­far sender inn søknad til Kon­gen ”om Understøttelse til en Reise til Christiania eller Hor­ten, hvor jeg agter at uddanne mig i mekanisk retning, om dertil gives Andledning, i de 2–3 Maaneder jeg kan være fraværende fra Hjemmet.” Men sjølvsagt måtte denne søknaden også bli vraka.

Han arbeidde og med ein fiskegarnmaskin og slutta som lensmann for berre å halde på med dette. Ei tid var han maltkontrollør ved eit bryggeri, men også dette arbeidet har gått samme vegen. Då han var kom­en heim frå England var han utan noe borgerleg bisyssel. Ei tid var han hos lyden sin men for så tilbake til Oslo for å arbeide med nye oppfinningar.

No kom det ei vanskeleg tid for han. Uhella og den økono­miske stoda førte med at han blei sett på som ein dagdrivar, i sin eigen krets, eller i høgda som eit misslykke geni. Sjuk­dom støytte til og elles vans­kar på mange måtar.

Allereide i 1854 hadde han arbeidd ein del med ideen å bruke eksploderande gass i sta­den for damp til drift av maski­nar. Den ne ideen tok han no opp og arbeidde vidare med.

Tanken på å komme tit med kvalfangst hadde ulma i han heile tida. Ein tanke han sten­dig kom tilbake til og ei von som han aldri, ga opp.

Men i 1869 var ein annan alt i full gong med kvalfangst. Ein mann som åtte pengar til å vin­na over vanskane og som brukte de og, Svend Foyn. Attåt dette kom så at i Amerika hadde de ført tanken til Walsøe vidare. Der heldt de på med å ta ut patent, eller hadde visstnok allereide gjort det, på granat- harpunliknande prosjektil for kvalfangst. Ka kunne det så nytte for ein fattig nordlending sjølv om han var eit geni, å ta opp konkurransa?

Det er svært truleg at Wal­søe seinare ville samarbeida med Svend Foyn. Det ville elles vere underlegi om han ikkje gjorde det. Men la vere som det vil: Svend Foyn har sjølv i allfall, så vidt ein kan sjå, ikkje fortald om Walsøe i erindringane sine. Unnateke at han etter at Walsøe var død, sendte enka 10 Spd. I søkna­dene sine om patent fortel Svend Foyn om mange andre menn, men Walsøe nemnar han ikkje med eit ord, merkeleg nok.

Og så ein kveld var det slutt. Etter Halvorsens forfatterleksikon, drukna Walsøe i Akers­elva i oktober 1869. Det er nok sekert at det er hendt så. Men namnet hans er visst ikkje en­no funnen i kjerkebøkene korkje for Oslo eller Aker. Det næraste ein kan støtte seg til er ei notering i Oslo skifteretta dødsfallprotokoll fra 14. okto­ber 1869: ”Liget af en ukjendt Mandsperson fundet i Akers­elven 12. ds., begraves på fat­tigkassens Regning.”